fredag 20. januar 2012

Bikkjetreff på Vindhaugane!

Då er vinteren her, og snøen er på plass! Me samla sammen ein liten gjeng med hundar og deiras respektive eigarar, og tok oss ein tur opp på ein bakke der dei kunne få springa litt fritt. Det var frøken Lona, blandingsen Homer og boerboelen Nova. God hobbyblanding for å sei det sånn! Dei sprang rundt og kosa seg i snøen, mens eigarane stod og lo. For ein herleg mix^^



crazydog!

 

 Her gjekk Raimond ut i skauen og henta eit heilt tre til bikkjene, og kasta det inn i mixen. Det blei litt kniving om kven som skulle få premien, men eg trur Lona og Homer vant til slutt. Eg trur egentlig ikkje at Nova heilt skjønte kva ho skulle gjere med treet!



Nok ein vellykka dag for dei nydelige hjertevarmarane våre!
Begynnar på grunnkurs no neste veke, det blir bra! Hang on!

torsdag 10. november 2011

Besøk av Homer :)

Lenge mellom blogginnlegge no, men er vel heller ikkje så masse å blogge om! Går mykje i turer rundt i bygda, er ei stund sia me har trena på grusbanen no.

Men no sist helg var eg og Affen bikkjevakt for hunden til eit vennepar av oss, Veronika og Raimond. Homer er verdens kosligaste vims, og veeldig glad i kos! På søndagen tok me med oss hundane opp på Vindhaugen (ei slette i skogen) og lot dei springe villmann rundt og rase litt av seg. Dei sprang rundt nonstop, heilt til Lona legg seg ned midt på bakken, som for å sei "nei, no er eg lei!" Me kasta ein del pinne til Homer og Lona, men Lona den sniken tok å rappa pinnen fra Homer gong på gong, og stakk av med den og gnagde dei sund, haha! Trur me må trene litt på apport! Men så er dalmisar kjent for å stjele og, så me får ta eit tak ;)

Så etter ein times tid på ei våt mark, såg begge hundane fortryllande og skinnande reine ut etterpå ja! Så det blei nok dusjetid når me kom heim, så var det kollaps på puta :)


mmm deilige våte hundar!

koos!

Eg og Lonusen har tenkt oss opp på grusbanen i mårå, og så på ein tur. Får ta med kamera og ta nokon bilder kanskje :) God helg iallfall!

søndag 30. oktober 2011

hopp, spring og leik!

 Hadde ein veldig fin dag i går i Mundheimsdalen! Eg og Asbjørn tok oss ein kosetur med frøken vims, som var høgt og lavt over alt! Så me stoppa med ei grasslette og leikte litt med pinnekasting så ho fekk rast litt frå seg. Etterpå gjekk ho som ein drøm resten av turen, litt korrigering her og der, men ingening å sei på! Note to self: litt herjing og leik før me går tur, sånn at ho ikkje e heilt proppfull av energi :)

HOPP!
mmm, pinne
wohoo!





PinneLona i farta!
waaaait for it...













kor e pinnen??

tirsdag 25. oktober 2011

sitt, bli, ligg, stå, kom, stopp, uuuææh!

Lona er ein merkelig skapning. Èin dag er ho eit prakteksemplar og er superhyggelig å ha med å gjere, mens andre dagar virkar det som ho gløymer kva "sitt" betyr..! Hehe. Ho er visst inne i ein liten hormonell-forvirra-vimse-periode, for ho er høgt og lavt om ein annen! Men herregud kor god ho er :)

Me tok oss ein tur opp på grusbanen i dag, friska litt opp i innkalling og "bli"-øvelsar. Lot ho springa litt laust fyrst så ho fekk rast av seg, og leika litt rundt. Asbjørn var med, og me var godt utstyrt med masse godbitar! Me holdt på med innkalling i 15 min, og det gjekk ganske greit. Ho kommer bort og casher inn godbiten sin, så forsvinn ho igjen. Så litt "bli"-øvelsar, der ho låg mens me tusla litt rundt ho. Det gjekk greit, heilt til me eksalerte litt med at me hoppa og veiva med armane rundt ho. Då tok ivrigheten overhand og ho ville være med i leiken! Prøvde med litt innkalling etterpå, men då datt fokuset litt vekk, og ho var meir interessert i å snuse på mosedotten på bakken. Så me fant ut at det var nok for i dag, får heller melke oppmerksomheten og iveren når den er skikkelig på plass!




kvalpeLona :)


søndag 16. oktober 2011

2timers tur og såre hender

Ojojoj. Litt av ein tur i dag! Eg og Lona reiste opp til to kompisar, Raimond og Falco, for å tusla ein tur rundt Movatnet. (ca 2timers tur) gjekk greit mesteparten av turen, men vimseLona trekker og trekker i båndet, og matmor blir ein smule irritert og frustrert. Og som eg hadde tenkt før eg gjekk ut så skulle eg ha med meg godbitar for å trene litt på å gå fint i bånd, men dette klarte eg sjølvsagt å gløyma. Så irritasjon + ein ivrig energibunt på 4 bein = frustrasjon og oppgitthet. Men som sagt, det handlar om trening, trening, trening. Og me gjekk ilag med Homer, blandingshunden til Raimond, som er ein skikkelig alfahann på tur og skal lede vei. Noko som gjer Lona ivrig, for ho og vil gå fremst! haha, må ha vore ein artig skue på tur i dag!! Men motivasjonen kom raskt tilbake og har funne ut at me må gå skikkelig inn for båndtrening. Dette slik at når me går ilag med andre som er superspanande og girande i seg sjølv, så veit ho iallfall at ho skal gå fint! :)

Når eg var på dyrebutikken i går snakka eg med leiaren av Kvam hundeklubb. Ho fortalte desverre at grunnkurset som byrjar no er fult. Men ho tipsa meg om eit anna kurs, sirkus og leik, litt kos for å få hunden til å stimulere hovudet og fin sosialisering! Me får sjå om eg meld oss på no, må sjå an økonomien fyrst! :) Det startar iallfall opp eit nytt grunnkurs over nyttår, så me får sjå om me skal melde oss på dette og/istaden!

leik og sirkus kurset
 Lona fekk iallfall kjørt seg godt i dag. Ho kollapsa på puta når me kom heim, og har ikkje rikka seg derfrå uten når ho fekk mat. Skjønningen min <3
                                            

lørdag 15. oktober 2011

Nytt utstyr til Lona!

I dag tok eg og Lona (og broderen) oss ein tur til Øystese på dyrebutikken. Målet her var å finne eit nytt halsband til Lona. Dette har eg tenkt på ganske lenge, for det siste båndet me kjøpte var et strupeband, og dette kjøpte Asbjørn på augemål, og det er aaaltfor stort, så det dett av ho i tider og utider. Som f.eks i dag så var ho ute mens eg dusja. Og då hadde den sniken komt seg ut av båndet og tatt seg ein tur. Då eg gjekk for å leita ette ho, kom eine naboen ned med ho, og forklate at Lona hadde tatt seg ein tur opp og helst på dei nye kattungane som ho hadde! Da hadde gått heilt fint, og ho visste heldigvis kven sin hund det var, og Lona kom springande til meg når eg ropa.

Frøkna mi veit å posere! Berre synd eg ikkje kan stilla ho ut. Eller jo, eg kan jo da, men som de ser så har ho eit heilt svart øyra, noko som ikkje en ønskelig hos dalmatinera. Ho vil dermed få trekk for dette. (Også grunnen til at fekk ho til halv pris)

Så me fant eg litt mindre band med beltelås på, heilt ok! Så i tillegg kjøpte me eit nytt band. Eg har den siste tia brukt fleksiband, men syns ikkje dette fungerar noko særlig, og eg har lite kontroll når me går tur, om ho plutselig skulle ta av.


Ooooog så kom varmedekkenet til Lona i posten i går, kjempefiin! Når eg målte ho før eg skulle kjøpe det var eg litt usikker på om eg skulle ha 50 cm eller 55 cm. Ein skal måle denne lengden frå halsrot til halerot. Men eg leste på eit forum om slike dekken at det er faktisk bedre om det er litt for lite enn litt for stort. Grunnen til dette er at det har lettare for å skli, og å hemme hunden i å springe og bevege seg med et for stort dekken. Så eg gjekk for 50 cm, og det satt som eit skudd!
Crappy bilde, eg veit, men dei er tatt med eit crappy digitalkamera! :) får øvelata bildetakinga til Asbjørn heretter!

onsdag 12. oktober 2011

Lona og Nova!



Eg og Lona tok oss ein tur opp til Ingrid og Martin i dag for litt kos og kaffi. Dei har då ein nydelig Boerboel-kvalp. (eller, kvalp og kvalp, ho er 8 mnd og rundt 50 kg!) Dei bur litt avsides oppe i lia, så hundane fekk springe villmann rundt og kose seg! Lona burne rundt på graset og Nova pesande etter, herleg! Så etter ein skikkelig trenetur OG leikerunde skal nok Lonusen sova godt i natt ja! bilda her er tatt ein gong tidligare dei har leika saman! :)






Men no litt Lonusen på puta si foran varmepumpa og duppa med hovudet, så no er det nok nattatid!